Solund Næringsutvikling AS

Om oss Hva gjør vi Prosjekter Kontakt oss Linker Ledige stillinger Arrangement Bedrifter

 

 Søknad om ”Kort og godt” – midlar til utviklingsprosjekt i Solund kommune

INNLEIING:

Solund kommune ligg geografisk plassert som ein inngangsport til Fjord Noreg og Sognefjorden, sentralt plassert midt mellom Bergen og Florø og med Noregs Vestlegaste punkt, Utvær som det mest markante landemerket. Dei naturgjevne føresetnadane i vårt konglomeratrike er unike. Omlag 1.800 øyar, holmar og skjær, lune hamner, urørt natur, vakkert kulturlandskap og ein rik lokal kultur gjev alltid dei reisande ei uforgløymeleg oppleving. Dette faktum er i ferd med å verta oppdaga av både turistar, reisande generelt og investorar.

Langt vest på hovudøya Sula, ligg Hardbakke hamn som i ei årrekkje er kåra til ei av landets beste småbåthamner. Sentralt i denne hamna driv Solund Brygge AS si restaurant- og kaféverksemd, verksemda som var initiativtakaren til dette prosjektet.

BAKGRUNN FOR SØKNADEN:

Kommunen har i dag om lag 875 innbyggjarar. Dette gjev ein del utfordringar på å få utvikla økonomisk bærekraftige reiselivsrelaterte verksemder, om ein berre skal legga til grunn den lokale marknaden for vekst.
Folketalet har dei siste åra stabilisert seg og vokse noko. Det rår optimisme i bygda og nyskapning skjer fortløpande, mykje takka vere eit godt samarbeid og medviten satsing frå næringslivet og kommunen. Solund Næringsutvikling står sentralt i strategiarbeidet.

Kommunen legg i desse dagar siste hand på kommuneplanarbeidet og den lokale næringssamskipnaden ynskjer etablere eit utviklingsprosjekt på nettverksbygging og samarbeid.

Solund Brygge AS innsåg at om ein skulle vera med på denne utviklinga, så var vi avhengig av få til eit utvida samarbeid mellom reiselivsorienterte verksemder lokalt og vi var avhengig av å kunna nå ein utvida marknad for å kunna etablera ei lønsam heilårsverksemd i kommunen. Dette ville vi prøva å få til, ved å lage gode pakketurar i eigen kommune.

Tanken var å kombinera mat-, kultur- og naturopplevingar med overnatting, og då alt under fellesomgrepet kvalitet. Lukkast ein med dette, ville dette gje grunnlag for heilårsdrift og vidare utvikling for både reiselivspartnarane i prosjektet, så vel som får andre verksemder som er sårbare for sesongsvingingar.

Det står også klårt for oss at fokuset på Solund som reiselivsdestinasjon stendig aukar og at det er ein uendeleg stor uutnytta marknad regionalt å spissa marknadsføringa mot.

Dette inntrykket har berre vorte forsterka i forprosjektfasen. Fjord Norge, Jensbua, Innovativ Fjordturisme, Jens A. Riisnes, dei reisande sjølv har alle stadfesta at Vestkysten har eit stort potensiale og det er etterspurnad etter aktivitetar og naturkvalitetane vi kan tilby.

Med utgangspunkt i situasjonsskildringa ovanfor vil Solund Brygge AS, saman med sine gode samarbeidspartnarar, vera ein aktiv medspelar til utvikling av økonomisk berekraftige reiselivsverksemder i kommunen.

PARTNARAR:

Vi er undervegs i dette prosjektet og det har meldt seg fleire interessentar i det å vera med på dette utviklingsprosjektet.

Hovudpartnarar i dette prosjektet så langt, vil vera:

Overnatting: Hjønnevåg Camping og Rorbuferie (også mat), Solund Gjestegaard, ”INTERNATET”, Gåsvær Fiskeferie, Steinsund Marinesenter AS

Geoturisme/lokalprodukt: Hågøy Villsaulag , Little Færøyna Kystkulturlag, Solund Sogelag

Lokalmat/produsent: Vestskjel AS, Solund Brygge AS

Transportør og naturopplevingar: Vidar Hop skyssbåtar AS, Baltus DA

Desse har alle saman signert ein samarbeidsavtale som gjeld for eit 2 årleg prosjekt

Viktige samarbeidsaktørar elles: 

Alle desse aktørane er positive til eit samarbeid om utvikling/sal/distribusjon av våre produkt:      

Jensbua/Fjordkysten (formalisert via medlemskap)

Fjell og Fjordkonferanser AS (bedrift)

TB Event AS (bedrift)

Norway Fjordcruise (bedrift)

Travel planners of Scandinavia AS (bedrift)

Timeout Travel (bedrift)

Fjord Noreg (turist)

Fjordtours (turist)

Fjord1 (er hovudtransportør til/frå Solund i dag)


Det vil løpande verta vurdert å etablere eit selskap for den vidare drift av prosjektet.

MÅL FOR PROSJEKTET

Partnarane i prosjektet har eit felles mål om å få utvikla økonomisk bærekraftige verksemder, slik at det er mogleg å tilby kvalitetsopplevingar, det vere seg natur, kultur, mat og overnatting, på heilårsbasis. Vi vil bruka prosjektperioden til å utvikla eit lokalt samarbeid, få på plass attraktive pakkeløysingar, finne dei rette og mest effektive salskanalar, teste pakkane/produkta ut og så gjere det beste utvalet og ”levere varene” til kunden. Det sistnemnde når prosjektet går over i driftsfasen.

Vi vil utvikle Solund som eit nasjonalt reisemål/destinasjon.

Vi trur at prosjektet vil bidra til at reiselivsaktørane i Solund særskilt og andre næringar generelt, vil få eit utvida kundegrunnlag enn det som er i dag.
T.d. vil Bergensregionen og turistmarknaden i Sogn vera aktuelle målgruppe.

Reisetida frå Bergen og Flesland med skyssbåt er ikkje lenger enn det som vert akseptert av kunden, til dei produkta ein søkjer å utvikla

UTFYLLANDE OPPLYSINGAR OM HOVUDPARTNARANE

Under følgjer litt info om den einskilde partnar i prosjektet, kva denne søkjer å oppnå og kva den einskilde verksemd kan tilby i prosjektet:

Solund Brygge AS :

Primæroppgåva vår har vore restaurant- og kafédrift i Hardbakke hamn, herunder catering.

Verksemda skal også drive turistinformasjonen i 3 sesongar frametter.

Omsetnaden for sjølve restaurant- og kafédrifta i 2007, var på om lag 1,85 mill.
I hovudsesongen vert det drifta med 2 kokkar og tilstrekkeleg tilhøyrande serveringspersonell. Restauranten har heilårsope med tilpassa opningstider i høve til marknaden.

Verksemda ynskjer gjennom dette prosjektet å vera aktivt med å pakke ”korte og gode” rundreiser der våre primærtenester og matopplevingar inngår.
I tillegg ynskjer vi å gje kunden høve til å prikkevera fisken/skalldyra som er (sjølv)fanga og deretter tilbereda eit maritimt måltid. Dette kan skje på sjølve fisketuren eller det kan skje i Bryggja sine lokale etter at fisketuren er over.

Lokala som Solund Brygge AS er godt eigna for produksjon og sal av ulik lokalprodusert mat og varer.

Vidar Hop Skyssbåter AS:

Verksemda har den største skyssbåtflåten i Solund, der 3 hurtiggåande båtar av ulike storleikar (15, 30 og 48 passasjerar) utgjer kjerna i verksemda. Etter kvart som prosjektet skrid fram, vil det også verta vurdert innkjøp av ny båt, som kan vera tilpassa det marknaden syner seg å etterspørja.

Verksemda har nyleg investert i RIB som kan ta med 11 personar på tur.
Turar med ein slik, kan verta ein del av pakketurane som vert laga, vel og merka utan at dette skal koma i motstrid mot geoturismetanken.

Denne verksemda ynskjer så snart som råd er, å få etablert testturar, fortrinnsvis retta mot bedriftsmarnaden i Bergen.

Forutan det faktum at ein guida skyssbåttur i seg sjølv er ei oppleving, kan ei reiserute frå hhv. Bergen eller Indre Sogn, også setje fokus på særskilde landemerke og gode historiar i regionen; - t.d. Fridjof den frøkne, Olav-statuen og kanalane i Ytre Gulen.

Hovudfokus vert likevel den unike naturen, kulturlandskapet og dei mange kulturminna som ein finn i eigen kommune. Her kan nemnast Utvær Fyr, Losna, Gåsvær, Ospa, Lågøystolane, Grønehellaren. Laksehytta, Skomakaren, ShetlandsLarsen sine reiseruter, villsau-/ørne-/selsafari, postrutetur til alle dei små levande bygdene og mykje, mykje meir.

Veksemda har høve til å ta imot catering og vil syta for å ha dei serverings- og skjenkeløyve som vert kravt.

Baltus DA:

Verksemda eig og driftar ei treskute på om lag 50 fot, som i dag vert nytta m.a. til fisketurisme.
Skuta har ei overnattingskapasitet på 10 personar

Skuta er nyoverhalt og det er planar om å bygga om lugar og messe til å møta dei krav marknaden stiller til velvære og komfort 

Det er også høve til å nytta eige kjøken om bord, for tilberedning av eigen fangst, særleg i kombinasjon med catering av naudsynt garnityr.

Hågøy Villsaulag:

Verksemda har satsa stort på villsau dei siste åra, der om lag 300 villsauer har sine beiteområde på ulike tradisjonsrike kulturlandsskapsområde i Solund.

Verksemda produserer villsauprodukt så vel som andre produkt knytt til lokale tradisjonar i Solund.

Villsauprodukta vart definert som økologisk frå og med våren 2008.

I desse dagar vert varer selde ved den lokale turistinformasjonen.

Denne verksemda er ei typisk ”geoturisme”-verksemd.

Det er planar om å få etablert eit lokalt slakteri. Å få realisert noko slikt kan syne seg å verte ein av ringverknadane frå dette ”kort-og-godt”-prosjektet.

I så fall ser ein føre seg ei framtidig marknadsføring av kortreist mat, der hjort og villsau og ulike produkt produsert av desse råvarene, vert viktige salsprodukt.

Frode kan nemnast særskilt her, fordi han er sentral i Hågøy Villsaulag sin lokalproduksjon av mat, t.d. laks, sild, saueprodukt og lokalproduksjon av tradisjonsmat.

Verksemda eig i dag eit lokale i Ytre Sula som det er ynskjeleg å utvikla til produksjons- og bevertninglokale for lokale mattradisjonar.

Vestskjel AS:

Er i desse dagar i ferd med å starte opp Kamskjeloppdrett. Eigarane ventar på eit endeleg positivt svar på konsesjonssøknaden sin.

Verksemda leverer handplukka produkt allereie i dag, men ikkje som masseproduksjon.

Vestskjel vil tilby kamskjell-snorkling og påfølgende matlaging i rustikke omgivelser.
Tilbod om buldring i fjøra, er også aktuelt å kombinera med denne verksemda.

Solund Gjestegaard:

Verksemda har sidan 2006 tilbode overnatting sentralt i Hardbakke og som kan huse 15 gjestar. Tilbodet inneheld også småskala SPA, herunder massasje. Verksemda er avhengig av at det er eit godt serveringstilbod i omegna, sidan det ikkje vert tilbode servering på plassen. Det er høve til sjølvstyrt kokkelering i leilegheitene.

Dette er ei verksemd som tilbyr høg kvalitet på overnattingstilbodet og helse/velvære er deira varemerke.

Eigarane har lang erfaring med å bygge opp og drifte overnattings- og serveringstilbod med høg kvalitet.

INTERNATET

Verksemda startar opp 1.jan 2009. Dei overtek det som til no har vore Hardbakke Gjestehus. ”INTERNATET” vert totalrenovert og vil vera ferdig til sommaren 2009. Dei vil kunna tilby leiligheiter med ein totalkapasitet på ca. 30 gjester. I tillegg vil dei ha fellesområde og restaurantlokale som kan leigast etter behov. ”INTERNATET” vil ha ein profil som byggjer på historia til bygget og vil såleis verta dekorert med ”gamle skule-effektar” og andre ting som har noko med historia å gjera.

Hjønnevåg Camping og Rorbuferie:

Verksemda vart etablert sommaren 2007

Birger Hjønnevåg er ein lokal gründer og investor og saman med dagleg leiar Tove Hjønnevåg er det etablert ei ny verksemd i Hjønnevåg som rettar seg mot camping- og rorbuturistar. Tove er utdanna kokk og det er ho som driv anlegget. Verksemda består av 6 rorbuer og ein liten cafe.
Det er også planar om å etablere eit kurs- og konferansesenter.

Verksemda har vore med å gjeve eit løft til bygdesamfunna i Ytre Sula og representerer eit tilbod på mat og overnatting som har vore sakna i denne delen av kommunen.

Feriesenteret satsar på ein høg standard, med alle fasilitetar, både på velvære, mat og overnatting og tek imot grupper med reisande på om lag 35 stk.

Gåsvær Fiskeferie

Gåsvær er ei eksotisk øy som ligg aleine midt i havgapet. Tilbyr overnatting og fiskeferie på eit av dei eldste overnattingsstadene som finst i Sogn og Fjordane. Tilbyr også båtutleige, krabbefestar, eksotisk natur og mest av alt rein rekreasjon.

Anne Marie Gåsvær Færøy er dagleg leiar og væreigaren. Ho er også aktiv i lokal saueproduksjon, både tamsau og villsau.

Steinsund Marinesenter

Tilbyr rorbuferie med disponibel båt til kvar rorbu. Nydeleg og sentralt plassert i innsiglinga til kommunesenteret, Hardbakke. Anlegget består av 6 utleigehytter i ulike storleikar.

Verksemda vert leia av Doris og Hallstein Steinsund.  

Litle Færøyna Kystkulturlag

Har restaurert og driv i dag ein eldgamal husmannsplass. Roar Moe er dagleg leiar. Tilbyr leirskuleverksemd medt fokus på kultur og historie. Tilbyr medsiglaropplevingar og har vore aktiv medaktør i å få realisert Bakkejekta.

Er i dag aktiv i å få etablert eit eige kystakademi saman med Solund Sogelag

Solund Sogelag

Sogelaget i Solund er truleg eit av dei mest aktive sogelaga i landet.

Dei produserer årlege Sogeskrift (bøker) og kalendere. Dei er aktive i å ta vare på historisk materiale og tradisjonar. Dei er initiativtakarar til å restaurera og vitalisere gamle bygg, herunder sjøbu på Hersvik og handelsstaden på Indrøy.

Bjørn Magne Hansen er leiar av dette aktive laget.

Andre aktuelle samarbeids-/sals-/distribusjonsaktørar:

Dette er aktørar som er positive til eit samarbeid om vårt prosjekt og avtalar vil verta gjort, i den grad styringsgruppa ser det som tenleg for gjennomføring av prosjektet.

Bedriftsmarknaden:

Fjell og Fjordkonferanser AS:

Hevdar det er ein marknad for produktet vi ynskjer å skape. Ynskjer å selje produktet og då mot ein låg provisjonssats.

Rettar seg mot Bedriftsmarknaden og dette er prioritet nr. 1 i vår satsing

TB Event AS:

Dette er eit eventbyrå som har sagt seg viljug til å vera med å utvikla og å selja våre produkt.

Dei har allereie vurdert våre alternative pakkeløysingar og har kome med nyttige innspel til kva som vil vera salgbart.

Norway Fjordcruise / Travel planners of Scandinavia AS / Timeout Travel m.fl.:

Alle desse rettar seg mot bedriftsmarknaden og ynskjer selja våre produkt og ser at dette er eit salgbart produkt. Vil vidareformilda våre tilbod både nasjonalt og internasjonalt.

Dei er viljuge til å gå i vidare dialog om eit konkret samarbeid med oss om prosjektet vert realisert.

I tillegg er Scandinavian Image og Fred Olsen Travel m.fl., aktuelle aktørar å samarbeida med, om sal og distribusjon mot bedriftsmarknaden

Turistmarknaden:

I siste del av prosjektfasen, vil

Jensbua/Fjordkysten:

·         Fjordkysten er Jensbua si satsing på reiseliv

·         Områdemarknadsføringa skjer gjennom Fjordkysten

·         Auka satsing på produktpakking

·         Inngangsporten til å vera med i marknadsføringa, er medlemsskap

·         Jensbua ”heiar” på oss – dette er eit midt i blinken-prosjekt i høve deira satsing

·         Dei vonar på seriøsitet bakom prosjektet – for mange useriøse aktørar gjev dårleg rykte

 

Fjord1 / Fjord1 Fylkesbaatane:

Dette selskapet er ein naturleg framtidig samarbeidspartnar i og med at dei i dag driftar livsnerva i kommunikasjonslinjene mellom Bergen, Solund og Florø. I tillegg er Øyhoppingsturane vorten stadig meir populære. Dette/desse selskapa er i ein omstrukteringsfase når det gjeld satsing på reiseliv, men ynskjer å koma i dialog om eit samarbeid med vårt prosjekt.
Vi ynskjer ikkje å legga opp til konkurranse, men til eit samarbeid om å utvikla Solund som reisemål. Våre løysingar skal vera eit supplement til eksisterande turar og rundturar - i og rundt - til og frå - Solund. 

Fjord Norge AS:

Tilbakemelding frå Fjord Norge AS er klokkeklar på at dette er eit ynskjeleg prosjekt. Dei har lova å bidra med sin kompetanse inn i prosjektet når dette vert realisert.

Fjord Tours:

Dei ser det som positivt at prosjektet vert realisert og er viljug til å selje produktet mot ein høvesvis høg provisjonssats og mot at Fjord1 vert nytta som hovudtransportør. Rettar seg mot Turistmarknaden.

Av omsyn til at ein no ynskjer å kome i gang og at vi må starte ein plass, vert prosjektet i denne omgang avgrensa til dei hovudpartnarane som her er nemnt.
Signala er svært positive lokalt, potensiale til eit utvida samarbeid er difor stort.

Vi er opne for å utvida samarbeidet til t.d. Gulen og Skjerjehamn.

Alt dette vil verta arbeidd vidare med i hovudprosjektfasen.

AKTIVITETAR

Alle aktivitetar er lagt opp til å kunne gjennomførast før eller etter lunsj. Det vil vera stor fleksibilitet for kunden med tanke på gjennomføring av møter og aktivitetar.

Ein kan såleis legge inn møter eller aktivitet etter eige ønskje. Aktivitetane er produkt som pr. i dag er tilgjenglige i Solund.

Aktivitetane som er lista i vedlegget er berre utplukka dømer. Det er eit av prosjektet sine mål, å kunne utvikle nye aktivitetar.

SVAR PÅ SPØRSMÅL SOM ER STILT I SØKNADSINNBYDINGA:

Hvem er målgruppen og markedene konseptet henvender seg mot?

 

·         Bedriftsmarknaden - primært verksemder på 10-40 personar

·         Kunden som søkjer det ekte og nære og som er kvalitetsbevisst på dei ulike opplevingar som vi kan tilby

·         Kunden som kjem til Solund og som etterspør interne opplevingspakkar

·         Bergensmarknaden og Sogn og fjordane

·         Både den internasjonale og den nasjonale opplevings- og miljøbevisste kunden etterspør akkurat det vi trur Solund og våre verksemder kan tilby. Utgreiingar og marknadsrapportar syner dette.

Hva er det innovative i produktet/opplevelsen?
Det er innovative elementet sett i nasjonal samanheng i dei produkta vi trur vert utvikle.

·         Unikt reisemål

·         Utvær Fyr

·         Det er eit utall av lokale naturopplevingar og kultur- og kulturminneopplevingar som ikkje er kommersialisert og derfor vil verta opplevd som unike.

·         Det er ynskjeleg å få utreda ei ny merkevare på linje med Voss og Smalahåve. Dette kan også verte ein meny av kamskjel, hjort, villsau, havmus, lokalproduserte egg m.m.

Hvordan skal produktet og opplevelsen distribueres og selges?

·         Det er viktig for oss at dei riktige salskanalane vert våre samarbeidspartnare m.o.t. sal av produktet. Vi har difor hatt dialog med ein del operatørar som er i marknaden i dag. Dei vi har hatt dialog med er Fjell og fjordkonferanser AS, TB-event as, Timeout travel, Travel planners(incoming). Disse vil verta viktige samarbeidspartnarar m.o.t. sal av produktet.

·         Gjennom direkte sal mot kundane. Vår prosjektleiar skal ha salskompetanse og fokus på salsarbeidet. Det salet som kan gjerast av PL er viktig for oss og verksemdene som er med har forplikta seg til å bidra på salsarbeidet for at vi skal få ei tilfredsstillande utvikling på salssida.

·         Eigne internettsider skal kunne brukast mot bedriftsmarknaden. Desse sidene vil fokusere på det enkle og gjennomgåande tryggleik m.o.t. kvalitativ gjennomføring.

·         Direkte sal gjennom dei kanalane som finst i regionen i dag i form av eksisterande kundar som kjøper opplevingsprodukt i dag.

Hvordan skal produktet og opplevinga kommuniserast:

·         Oppsøkande sal

·         Møtebørsen

·         NTW

·         Samarbeidspartnarar som jobbar med opplevingsreiser for bedriftsmarknaden

·         Gjennom nettsider, messer, eigne brosjyrer.

·         Mange av aktørane har allereie utvikla brosjyrer med felles profil, styrt av Solund Næringsutvikling.

·         Gjennom presseturar

·         Gjennom aktivt bruka media

·         Gjennom Fjord Noreg/Fjordkysten/Jensbua og andre aktuelle samarbeidspartnarar sitt marknadsføringsapparat

Hvordan er produktet tenkt forankret i en regions/destinasjons kommunikasjons-og opplevelsesprofil?
Fjordkysten er eit satsingsområde for vestnorsk reiseliv. Kort-og-godt-prosjektet vil vera medlem i Jensbua og vi har samanfallande profil på kva vi ynskjer tilby/selja. Dei einskilde medlemane i prosjektet er eller vil verta medlem i Jensbua også; - og dermed også med i Fjordkysten si profilering/marknadsføring

·         Marknadsføre produkta som inngangsporten til Fjord Noreg og Sognefjorden

·         Jensbua har Utvær som eit marknadsføringsfyrtårn i regionen. Vi vil kople oss inn mot dette produktet på mange ulike måtar

·         Vi har mange aktive deltakarar i Solund i det regionale destinasjonsselskapet Jensbua og kan påverka dette apparatet innanfrå

·         Det er mange fleire aktørar som kunne vore partnarar i dette prosjektet som har regional tilknytnad, men som vi vil bruke prosjektperioden til å finne ut korleis vi skal aktivt nytte i framtidas reiselivs-Solund

Vise samarbeidet mellom aktørene. Liste over samarbeidspartnere, kopi av avtaler
Viser til lista ovanfor – vedlagt kopi av avtale.

·         Fleire av eigarane/tilsette i Solund Brygge AS er eigarar eller involvert i andre selskap som er partnarar og/eller involvert i utviklinga av bygda

·         Munnlege lovnader om sal av produktpakkar (sjå eige avsnitt ovanfor)

Hvordan Geoturismens prinsipper oppfylles
Villsaudrifta er med på å ta vare på og pleie landskapet i kommunen. (stoppe attgroinga). og såleis ta vare på kommunens eigenart landskapsmessig.

·         Lokal foredling av landbruksprodukt (også andre råvarer) produsert i Solund vil kunne styrkje økonomien i primærproduksjonen og dermed betre lønsemda samla sett.

·         Innan fiskeri vil lokal omsetnad av fisk frå sjarkflåten auke avkastninga frå "småfiske" og dermed ta vare på denne næringa.

·         Tidlegare var kombinasjonen fiske/landbruk vanleg næringsveg i kommunen. Ein kunne tenkje seg at ein småfiskar kunne ta med turistar og fiske (ruser, teiner, osv.) så kunne fangsten tilberedast og serverast om bord, på Solund Bryggje el.likn.

·         Liknande opplegg kan ein ha med hjortejakt. Her treng vi eit produksjonslokale for kjøt, noko vi også treng for foredling av kjøt frå villsau m.v.

·         Vestskjel AS er i startgropa for produksjon av Kamskjel. Same prinsipp gjeld her.

·         Hågøy og Tungodden er nyleg vorten offentleg godkjent som økologiske produksjonsstadar, noko som vil vere eit pluss for marknadsføringa utafor kommunen og nært knytt til geoturistmarknaden.

·         Fleire satsar no på villsau i kommunen så det vil komme ein nokså stor auke i produksjonen dei komande åra.

·         Villsaulaget brenn for kortreist mat. Når reiselivsnæringa i kommunen også ynskjer å bruke lokale produkt, kan dette, saman med sal til lokalbefolkninga, gje grunnlag for at det kan bli lønsamt å starte med lokal vidareforedling av ulike produkt.

Hvordan prosjektet bidrar til deltager lønnsomhet og verdiskaping. Vises gjennom budsjett.
Den einaste samordna aktiviteten i dag er øyhoppinga som Fjord 1 står føre. Det er populære turar, men turisten stoppar i dag berre ca. 15 min. på kaia på Hardbakke, utan å få høve til å legge att verdiskapning i vår eigen kommune eller til våre samarbeidande verksemder. Overskotet på turane går idag direkte inn til arrangøren, Fjord 1.
Med auka satsing og samarbeid med Fjord1, vil det også verta mogleg å få større verdiskaping også i eigen kommune. Det vil verta synergieffektar av slikt.

·         Den totale fokus på kommunen som reiselivskommune vil bidra til auka turiststraum, auka interesse for investeringar i kommunen og dermed også større grad av soliditet og kundegrunnlag/inntening for einskildverksemdene

·         Oppleving i kombinasjon med kvalitet og ekte vare som konsept vil trekke turistar til kommunen utanom hovudsesongen

·         Det vil verta større press på infrastrukturen i kommunen. Offentleg kommunikasjon vil måtta betrast

·         Eit heilskapleg kvalitets- og opplevingsprodukt er etterspurt og kan prisast høgt i marknaden.

·         M.m.

 

SALSMÅL

Prosjektet har følgjande salsmål.

År 1    150 persondøgn a 3500,- totalt 525.000,-

År 2    250 persondøgn a 3500,- totalt 875.000,-

År 3    400 persondøgn a 3500,- totalt 1.400.000,-

AVSLUTNING

Det har vore sterk mediafokus på Solund og våre unike og urørte natur, også på verdsbasis. Viser også til Jens A. Riisnes sitt ”Ut i naturen”-program våren 2008.
Det har ikkje vore eit godt nok planverk og heller ikkje infrastruktur som har sytt føre ei styrt utviklinga i rett og ynskjeleg retning. Einskildaktørar har likeins hatt for svak økonomisk ryggrad til å klare kommersialisere og utnytte potensiale som ligg føre nasa på Solund-verksemdene.
Det er å forventa at etterspurnaden etter kvalitetsopplevingar i Solund vil auka. Likeins vil det med eit godt planverk, ei større medvitgjering rundt eigne kvalitetar, også verte større fokus på Solund som ein interessant plass å  investere i.

Med basis i prosjektskildringa ovanfor søkjer Solund Næringsutvikling AS, med dette om kr. 750.000 til å utvikla det store potensialet som ligg i Solund som framtidig reiselivskommune.

Prioriterte arbeidsoppgåver for prosjektleiar:

·         Skape grobotn for eit samhandlande reiseliv i Solund. Vidareutvikle dette samarbeidet.

·         Utvikle heilskaplege reiselivsprodukt med fokus på kvalitetsopplevingar i Solund

·         Lage smørbrødliste og registrere alle moglegheiter som finst, med utgangspunkt i auka inntening for verksemdene

·         Finne fram til og definere dei beste reiselivspakkene

·         Finne fram til dei beste samarbeidsløysingar og samarbeidsaktørar for sal av dei gode produkta vi utviklar.

·         Lage presentasjonar, marknadsføre, selje testprodukta

·         Teste ut dei prioriterte produkta.

·         Koordinere aktiviteten som vert skapt

·         Vera konsulent/sekretariat for dei samarbeidande partnarane sine delprosjekt, når dette vert kravt

·         Ha dialog og rapportere fortløpande til styret for prosjektet om status og resultat

·         Lage rapportar som skal sendast til INVANOR

·         Dele erfaringar og kompetanse etter instruksjonar frå INVANOR

 

Målet med alle produkta som skal testast ut, er å lage grunnlag for å utvide turistsesongen, skape synergieffektar og dermed lønsemd og grunnlag for ordinær drift utover prosjektfasen, for alle partnarane i samarbeidet, så vel som for andre reiselivsrelaterte verksemder i Solund.

For å nå måla, vil vi få på plass ein i inntil 80% stilling som kan starte arbeidet 1. April 2009. Fram til denne dato vert oppgåvene løyst med eigeninnsats.
Prosjektet vil vi skal halde fram til og med 31. mars 2011.

Solund Næringsutvikling AS vil ha arbeidsgjevaransvaret og ein eigen oppnemnt styringsgruppe vil ha instruksjonsmynde for prosjektleiaren i prosjektperioden.

 

 

 

BUDSJETT – sum 2 år:

 

Prosjekt kostnader:

 

Løn og sosiale kostnader – 2 år

       800.000

Produktutvikling

         300.000

Testing av produkt – marknadsføring av desse

         300.000

Andre driftsutgifter (reise, IKT, kontor, m.m.)

         100.000

 

        

Sum

      1.500.000

 

 

Finansiering:

 

Tilskot INVANOR

       (750.000)

Innskotne midlar lokale samarbeidspartnarar

       (250.000)

Lokal eigeninnsats

       (450.000)

Andre lokale tilskot

(50.000)

 

      

Sum

    (1.500.000)

 

 

Hardbakke 10.des. 2008

For Kort-og-godt-prosjektet i Solund

Solund Næringsutvikling AS